Velkommen til Nord-Fron kommune

Er du vår nye medarbeider?

Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk.

 

Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland.  
Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen.

 

Våre verdiar er:

HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE

Tekst fra nord-fron.kommune.no

Vinstra Legekontor

Vinstra Legekontor ligg nord for Vinstra sentrum, nede ved Laugens austside og nord for det Hollandske Gjestehus. Sjå kartlink her: Kart Vinstra legekontor

Legekontoret har 7 fastlegar, 1 turnuslege og 9 medarbeidere. I tillegg har vi vikarar.

Om kommunen

Adm. senter

Vinstra

Folketal

5900

Fylke

Innlandet

Rull til toppen