legepersonal.no
Post New Job

2 kommunale fastlegestillingar ved Bø Legesenter

Heltid Midt-Telemark kommune in Fastlege , in Lege
  • Post Date : 25 november 2021
Email Job
  • Share:

Job Description

Omtale av arbeidsstaden
Bø Legesenter er eit akkurat passe stort legesenter med 7 legeheimlar og 1 turnuslege. Vi utvidar no til 8 heimlar, og lyser ut to(2) av desse som kommunalt fast tilsette legar. Kommunen ynskjer å tilby gode arbeidsvilkår og fastlønn. Dersom det er ynskje om drift som sjølvstendig næringsdrivande, vil kommunen legge til rette for dette. Heimlane vil få eit listetak på mellom 750 og 900 pasientar.

Kommunen kan tilby
Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
Moderne og fine lokale.
Dyktige og erfarne helsesekretærar.
Kommunen stiller med alt nødvendig utstyr, lokale, drift av hjelpepersonell osv.
Det blir lagt til rette for veiledning og spesialisering.
Sjanse til å delta i utvikling av eigen arbeidsplass med hyggelege og engasjerte kollegaer.

Arbeidsoppgåver
Allmennpraksis etter gjeldande retningslinjer og sentrale og lokale avtaler.
Deltaking i kommunens legevakt, som er eit interkommunalt samarbeid mellom Midt-Telemark, Notodden og Hjartdal, med bemanna legevaktsentral på Notodden.
Ved privat avtale om fastlegedrift med kommunen, vil den som mottek stillinga også forplikte seg til offentleg legearbeid i inntil 7,5 timer per veke etter kommunalt behov.

Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søkjer me spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel.
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, og i tillegg vil personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner vektleggast spesielt
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.

Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Løn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår(tilplikting inntil 7,5t. pr. veke) etter gjeldande lov og avtaleverk for eventuelle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar. Det vil ikkje være krav om innskudd/investering i heimel som sjølvstendig næringsdrivande, men du vil då måtte betale deg inn i din andel i Bø Legesenter AS.

Lønn i kommunal stilling
Du vil få tilbod om gode løns -og arbeidsvillkår som tilsett i legeheimel med fastløn. Du vil i tillegg få ein prosentandel av Helfo-refusjon.

Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unntatt offentleggjering. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjarar som har bede om unntak frå offentleggjering dersom dette ynskjet ikkje kan imøtekommast.

Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet

Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget «søk på stilling».

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune

Kontaktpersoner
Navn: Irene Holte Skugstad
Tittel: Fastlege og styreleiar
Telefon: 928 43 275

Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 90635444

Navn: Kristin Sekse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 97699207

Navn: Ruth Hogstad Erikstein
Tittel: Fastlege og tillitsvald
Telefon: 959 46 207

Hjemmeside
https://midt-telemark.kommune.no/
Arbeidssted
Bø legesenter
Hellandvegen 10
3800 BØ I TELEMARK

Stillingstype
Fast stilling
Søknadsfrist
28. oktober 2021
Stillingsprosent
100%

Merk deres søknad med Legepersonal.no

Other jobs you may like