Fastlege/langtidsvikar til Bø Kommune

Omtale av arbeidsstaden
Bø legesenter er lokalisert i moderne og godt tilpassa lokale i Bø sentrum. Senteret er velutstyrt og veldrive med ein dyktig stab med hjelpepersonell. Vi har eit godt arbeidsmiljø. Kvar lege driv eigen praksis som eit enkeltmannsforetak.
All felles drift (t.d. leige av lokale, hjelpepersonell, merkantile tenester) ordnast av eit aksjeselskap, eigd av legane med like eigarandelar. Selskapet har ein solid økonomi. Legen som vert tilsett i den ledige heimelen må kjøpe sin andel i selskapet. Det er ingen andre investeringsbehov knytta til stillinga. Legane ved senteret har ei god inntening.
For ytterlegare informasjon om Bø legesenter, sjå www.bolegesenter.no.

Kort om stillinga
Det er ein ledig heimel som har listelengde på omlag 1100 pasientar. Legane er sjølvstendig næringsdrivande med kommunale oppgåver inntil 7,5 timar/veke etter nærare avtale. Vi er sju fastlegar og ein turnuslege. Omlag 6900 pasientar har fastlege hos oss. Journalsystemet er Infodoc og vi bruker ordninga ”Time same dag”.
Legevakt er er lokalisert på Notoddeninterkommunale legevakt, med 13- 30 delt vakt.

Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin. God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg. Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.

Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Retten til godtgjering for opparbeidd praksis fell bort, da stillinga har vore lyst ut 4. gonger tidlegare.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Bø kommune vil varsle søkjara som har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.

Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet

Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget ”søk på stilling” på heimesida til Bø kommune.

Kontaktperson
Ingunn Espesett Vreim, Fagansvarleg helse og personal, tlf: 35059604, mobil: 95 07 69 31
Irene Holte Skugstad, Fastlege og styreleiar, mobil: 928 43 275

STILLINGSKATEGORI: Allmennlege

ARBEIDSGIVER: Bø kommune

HJEMMESIDE: www.bo.kommune.no

SØKNAD SENDES: Last ned søknadsblankett Søknader behandlas snarest!

ARBEIDSSTED: Bø kommune
Postboks 83
3833 BØ I TELEMARK

Merk deres søknad med Legepersonal.no

Søk